Minneskrift i Anledning Savitri Devi sin 100. Gebursdag"/>
Print this post Print this post

Kvinna mot Tidi:
Minneskrift i Anledning Savitri Devi sin 100. Gebursdag

3,156 words

Trans. anonymous

English original here

Savitri Devi var filosof, religiøs tenkjar, og ein utrøytteleg aktivist på vegne av nasjonalsosialismen, indoeuropeisk heidenskap, vegetarianisme, dyrevern og djup økologi. Ho dreiv óg so smått med spionasje og skriving av fiksjon. I 1958, med utgjevingi av hennar magnum opus, ”The Lightning and the Sun” [Lynet og Soli],  stod ho fram som ein av dei mest originale og innflytelsesrike nasjonalsosialistiske tenkjarane etter andre verdskrigen.

Savitri Devi var fødd som Maximine Portaz den 30. september 1905 i Lyon, Frankrike klokka 08:45. Ho døydde kort etter midnatt den 22. oktober 1982 i Sible Hedingham i Essex i England. Ho var av engelsk, gresk og italiensk avstamming, og umtala nasjonaliteten sin som ”indoeuropeisk”.

Umstendi rundt Savitri Devi sin fødsel var ikkje lovande. Ho var fødd to og ein halv månad for tidleg, då ho blei skapt natti mellom den 13. og 14. mars 1905. Fødselen var flokut, og ho vog kun 930 gram. Doktaren underretta foreldri om at ho ikkje vilde liva upp. Ho kom til å bli eit einebarn. Mor hennar Julia Portaz (fødd Nash) var 40, far hennar Maxim Portaz var 44. Engstelege for nok eit flokut svangerskap, elska dei aldri meir. Dei namngav spedbarnet Maximine Julia Portaz, og venta deretter på at ho skulde døy.

Men livskrafti var sterk i henne. Den hadde noko stort i vente.

Savitri Devi hadde uvanlege intellektuelle gåvor, som ho uppviste i ein tidleg alder. Som eit ungt barn lærde ho seg fransk og engelsk frå foreldri sine, deretter lærde ho seg sjølv moderne gresk og litt klassisk gresk. Med tidi skulde ho bli flytande i åtte språk; (engelsk, fransk, moderne gresk, italiensk, tysk, islandsk, hindi og bengalsk) og ho hadde kjennskap til om lag tjue andre (blant anna klassisk gresk, urdu og andre indiske språk).

Savitri Devi tok óg to mastergrador: i filosofi og kjemi, og ei doktargrad i filosofi frå universitetet i Lyon. Dei to fyrste bøkene hennar var vitskaplege avhandlingar; Essai-critique sur Théophile Kaïris [Kritisk essay um Theophilius Kaïris] (Lyon: Maximine Portaz, 1935) og La simplicité mathématique (Matematisk enkelheit) (Lyon: Maximine Portaz, 1935)

Savitri Devi hadde óg ein enorm kunnskap um historie og religion, serskilt oldtidshistorie, i tillegg til eit forbløffande minne, serskilt um datoar og namn. Ho var óg ein framifrå og hypnotiserande lærar som kunde fyrelesa utførleg um tallause emne utan å ty til notat.

Ein sjølvumtalt ”nasjonalist av einkvar nasjon” og vekkjingspredikant for ein indoeuropeisk heidenskap, gjekk Savitri Devi yver til nasjonalsosialismen i 1929 medan ho var i Palestinien. I 1935, reiste ho til Indien for å uppliva gjenom hinduismen den siste livande resten av den indoeuropeiske heidenske religiøse tradisjonen. Ho slo seg til slutt ned i Calcutta, der ho jobba for den hinduistiske nasjonalistrørsla, som verna hinduistisk tradisjon frå alle former for universale og egalitære ideologiar, slik som kristendom, islam, kommunisme, og liberalt demokrati. I 1939, vigde ho seg til ein bengalsk bramin, fyreleggjaren med pro-aksemakt synspunkt; Asit Krishna Mukherji (1904-1977). Under andre verdskrigen spionerte ho og husbond hennar for japanarane.

I 1939, medan ho studerte ved Rabindranath Tagore sin Shantiniketan Ashram i Bengal, tok Maximine Portaz, etter forslag frå nokre medstudentar, upp pennenamnet Savitri Devi. ”Savitri” er eit av fleire sanskritnamn på soli, og ”Devi” tyder gudinna. Det var eit perfekt namn, sidan Savitri var ei trugi tilhengjarinda av det ho såg for å vera den upphavlege ariske religionen; tilbedingi av Livet og Ljoset. (”Devi” er forresten ikkje eit etternamn, men ein tittel som alle ariske kvinnor i Indien hev rett til å taka. Difor skal ikkje Savitri Devi synast til som ”Devi” i kort form, men som ”Savitri” – akkurat slik som Sankt Paul vert synt til som ”Paul” og ikkje som ”Sankt”. Ståande åleina, syner ikkje titlar som Sankt, Mister, Doktar eller Devi til ein serskild person.)

Medan ho var i Indien, forfatta Savitri fleire bøker: I 1937 fullførte ho L’Etang aux lotus (Lotusdammen) (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1940), der ho skreiv ned sine fyrste inntrykk av Indien. Lotusdammen sameiner livlege reiseskildringar med filosofiske refleksjonar um indisk kultur og tradisjon. Den neste boki hennar; A Warning to the Hindus [Ei Åtvaring til hinduane] (Calcutta: Hindu Mission, 1940), er hennar manifest um hinduistisk nasjonalisme. Hinduismen er ein radikalt pluralistisk og tolerant religion, og dette blindar ofte hinduar for farane ved dei intolerante bibelske religionane og deira sekulære utlauparar: liberalt demokrati og kommunisme. Savitri freista å vekkja hinduistane mot denne fåren og å syna det naudsynlege av å utvikla ei samla hinduistisk nasjonalkjensla som gjeng på tvers av, men som samstundes respekterar og vernar Indien sin myriade av kommunale og kastetufta distinksjonar. Savitri såg óg klårt at ei slik hinduistisk nasjonalkjensla var ein naudsynt fyresetnad for indisk sjølvstende. Ei Åtvaring til hinduane blei umsett til seks indiske språk og er framleis i trykk. Ei tridje bok; The Non-Hindu Indians and Indian Unity [Dei ikkje-hinduistiske indarane og indisk sameining] (Calcutta: Hindu Mission, 1940), umhandlar spørsmålet um integrering av ikkje-hinduistiske minoritetar inn i ein hinduistisk nasjon, både i kampen for indisk sjølvstende og i eit uavhengig Indien. Savitri sin førespurnad er at indiske muslimar, kristne og andre ikkje-hinduar medgjev at dei fyrst og fremst er indiske, altso, produkt av ein hinduistisk kultur, sjølv om dei ikkje gir seg ut for å vera hinduistiske.

Eit anna felt Savitri interesserte seg for medan ho var i Indien var ein annan soldyrkar, den oldtids-egyptiske ”heretiske farao” Akhnaton (14. århundrade fyri vår tidsrekning), som heilt sikkert var ein av dei mest merkverdige og gåtefulle personlegdomane i soga. Akhnaton freista å erstatta egyptisk polyteisme med ein monoteistisk religion som æra livskrafti ved eit bilete av ei solar skiva som ausa ut sine livgjevande strålar. Sjølv um Akhnaton sin monoteisme var like intolerant som den bibelske monoteismen som Savitri vanvyrde, var ho fascinert av Akhnaton sitt liv og personlegheit og sterkt tiltrekt av religionen hans på filosofisk, andeleg og estetisk grunnlag. Sanneleg, ho trudde at Akhnaton sin religion i store trekk var identisk med den upphavlege ariske religionen av Liv og Ljos, og ho fyreslo til og med at Akhnaton sine reformar kann hava vore påverka av Mitanniane, eit arisk folk som hadde slege seg ned i øvre Mesopotamien. Akhnaton sjølv var dels mitannisk, gjennom den paternale bestemori hans Mutemwiya og kanskje óg gjennom hans maternale bestefar Yuya, i tillegg til at det var andre mittannarar til stades ved det egyptiske hoffet óg.

Savitri si fyrste utgjeving om Akhnaton var ein pamflett med tittelen Akhnaton’s Eternal Message: A Scientific Religion 3,300 Years Old [Akhnaton sin evige bodskap: Ein vitskapleg religion 3,300 år gamal] (Calcutta: A.K. Mukherji, 1940). Denne blei fylgt av ei barnebok; Joy of the Sun: The Beautiful Life of Akhnaton, King of Egypt, Told to Young People [Soli si glede: Det underbare livet til Akhnaton, kongen av Egypt, fortalt til unge folk] (Calcutta: Thacker, Spink and Co. Ltd., 1942), illustrert med Savitri sine eigne teikningar og måleri, som er primitive og barneaktige, men på eit høveleg sett.

Savitri sitt hovudverk om Akhnaton er; A Son of God: The Life and Philosophy of Akhnaton, King of Egypt [Ein son av Gud: Livet og filosofien til Akhnaton, kongen av Egypt] (London: Philosophical Publishing House, 1946). Upphavleg utgjevi av det teosofiske samfunnet, blei boki trykt upp på nytt av The Rosicrucian Order [obskur amerikansk «new-age» organisasjon, umsetjar sin merknad] som Son of the Sun: The Life and Philosophy of Akhnaton, King of Egypt [Sonen til soli: Livet og filosofien til Akhnaton, kongen av Egypt] (San Jose, California: Supreme Grand Lodge of AMORC, 1956). (Savitri såg beggje desse organisasjonane for å vera undergravande, men var heilt sikkert nøgd med at dei trykte boki hennar.) Sonen til soli har kun nyleg gange ut or trykk på engelsk, og den hev vorte umsett til fransk, nederlandsk og portugisisk.

Nesten 60 år seinare er Sonen til soli framleis ei av dei beste bøkene um Akhnaton. Den er vent skrivi, med ei romanforfattarinna sitt auga for konkrete og fargerike detaljar. Den er grundig undersøkt på fyrihond, der den tek i bruk all relevant litteratur i si tid. Men aller viktigast, den er filosofisk. Savitri nyttar seg av Akhnaton sine Hymner til soli og andre skriveri, ikonografien knytt til kulti hans, og samtidige dokument slik som Amarna-brevi, for å laga den mest umfattande og sannsynlege rekonstruksjonen av Akhnaton si verdsåskoding nokosinne tilbjode.

I 1948, gav Savitri ut; Akhnaton: A Play [Akhnaton: Eit spel] (London: Philosophical Publishing House, 1948), som umhandlar øydeleggjingi av Akhnaton sin kult og forfylgjingi av den sine tilhengjarar etter hans daud. Det er eit tunt løynd bilete for det som gjekk føre seg i det okkuperte Tyskland i den same perioden.

Savitri var knust yver nederlaget til Tyskland i andre verdskrigen. I juni 1945, nær Varkala på Malabarkysten, bestemte ho seg for å taka livet sitt ved å ganga ut i havet. Men då vatnet rakk henne til oklene, rørde brått livskrafti seg i henne. Ein tanke suste gjenom hovudet hennar som ljon. Det var ein kommando; liv! Liv for å vera eit sanningsvitne. Liv for å sjå hemnen sin dag, når sigerherrane av 1945 blir kasta i gropor. Liv for å segja; ”Kva var det eg sa!”. Som Savitri sa det i eit brev til George Lincoln Rockwell datert 28 august 1965; ”Eg steig uppatt frå havet for denne framtidige njotingi si skuld, og kun for det, og byrja å liva utan von, kun for hatet si skuld.”

Frå den stundi av, la Savitri ut på eit umreisande og asketisk liv. Hennar to hovudaktivitetar var å utan stans bera vitnesbyrd på vegne av nasjonalsosialismen og å ta hond um vanskøytte og heimlause dyr, i hovudsak kattar.

Savitri vyrda det nasjonalsosialistiske Tyskland som eit heilagt land for alle ariarar. Ho såg det likevel aldri under det sine glansdagar. Hennar fyrste glimt av det var i 1948, i ruinar. Gold in the Furnace [Gull i smeltedigelen] (Calcutta: A. K. Mukherji, 1952) er Savitri si myrke og sterke framstilling av hennar erfaringar i det okkuperte Tyskland i 1948 og -49. Savitri såg likevel ikkje øydeleggjingi av det Tridje Riket for å vera slutten på nasjonalsosialismen, men ei reinsking, — ein eldprøve som vilde skilja slaggmetallet frå gullet – som eit fyrespel til ei ny byrjing. Ergo inneheld Gull óg kapittel um det filosofiske grunnlaget og det positive politiske programmet til nasjonalsosialismen. I 1949, blei Savitri arrestert, stilt for retten, og fengsla av dei britiske okkupasjonsmyndigheitene for å ha spreidd nasjonalsosialistiske propagandaflygeblad. Ho greier ut um erfaringane sine i Defiance [Trass] (Calcutta: A. K. Mukherji, 1951). I 1953, fyretok Savitri ei pilegrimsferd til heilage nasjonalsosialistisk knytte umråde i Austerrike og Tyskland, for deretter å fortelja um ferdi i boki Pilgrimage [Pilegrimsferd] (Calcutta : Savitri Devi Mukherji, 1958)

Savitri sitt mest storslegne verk er The Lightning and the Sun [Ljonet og soli] (1958), som lagar ein syntese av nasjonalsosialisme og den ariske sykliske teorien um soga og legg der fram den slåande påstanden at Adolf Hitler var ein avatar – ei menneskjeleg nedstiging – av den hinduistiske guden Vishnu, uppretthaldaren av orden. I fylgje den ariske tradisjonen, gjeng historien i syklusar, startande med ein gylden alder, elder sanningsalder, og deretter i nedgang inntil han når botnpunktet, den fjerne alderen, den myrke alderen elder Kali Yuga, der vondskap og falskheit herskar. Ved dette tidspunktet, gjeng forfallskreftone under av deira eigi nedbrjoting og ein ny gylden alder brjot fram. I fylgje den hinduistiske tradisjonen, vil den noverande Kali Yuga’en ta slutt og den neste gylne alder ta til ved hjelp av den tiande avataren til Vishnu, Kalki, hemnaren, som vert framstilt som ein krigar på ein kvit hest. Då Hitler si stjerna var stigande, trudde Savitri Devi og mange indarar med henne at han var Kalki. Då han blei nedkjempa, konkluderte ho med at Hitler ikkje var den tiande avataren, men kun hans fyregangsmann, og at Kalki enno hev til gode å koma.

I Ljonet og soli, sondrar Savitri millom tri typar menn sett i henhald til deira forhold til den nedgangande bana åt soga; Menn i tidi, Menn yver tidi, og Menn mot tidi. Menn i tidi er dei som gjeng med den nedgangande flyten av tid og gjer sitt til den sine desintegrerande tendensar. Menn yver tidi freistar å heva seg yver den nedgangande bana åt soga og verna seg mot den snuskute verdi. Menn mot tidi kjempar mot forfallet og freistar å atteruppretta den gylne alderen. Målet deira er, sjølvsagt, umogleg. Ein kann ikkje snu klokka. Menn mot tidi er dog fødde krigarar. Å standa imot dekadanse er deira plikt, deira lagnad. Det har ingenting å segja at dei ikkje kann vinna. Likevel, sjølv um dei ikkje maktar å snu klokka, kann dei få henne til å ganga snøggare, med andre ord, dei kan framskunda øydeleggjingi av den myrke alderen og hjelpa til med å bringa fram den nye gylne alderen. Brorparten av Ljonet og soli blir nytta til å illustrera desse tri typane menn gjennom tri minibiografiar; Genghis Khan er den paradigmatiske mannen i tidi, Akhnaton er mannen yver tidi, og Adolf Hitler er mannen mot tidi.

Eit av dei mange setti som Ljonet og soli er ei uvanleg bok på er at ho er absolutt usannsynleg og absolutt fengslande på same tid. Det er neppe nokon som hev lese henne som hev teke henne bokstavleg. Savitri Devi sjølv tok henne neppe bokstavleg. Likevel hev visjonen hennar poetisk venleik og forklarande kraft. Ljonet og soli rører seg i mytane sitt domene. Eg trur at Savitri sitt mål var å laga grunnlagsmyten til ein ny religion. Savitri var fascinert av Paul av Tarsus, som grunnla ein religion ved å taka ein feilslagen politisk revolusjonær og umdanna honom til ein inkarnasjon av Gud som hadde kome for å redda verdi. Og etter mindre enn tri hundradeår, hadde religionen Paul laga sigra over det romerske imperiet. Savitri tok óg ein feilslagen politisk revolusjonær og umdanna honom til ein inkarnasjon av Gud som hadde kome for å redda verdi. Ho vona å dermed grunnleggja ein religion som vilde tena som eit farty for den endelege sigeren til ideali hennar.

Savitri Devi var óg ein lidenskapleg krossfarar for vegetarianisme, dyrevern og djup økologi. Ho uppsummerte synet sitt på desse sakene i Impeachment of Man [Riksrett mot menneskji] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1959). I 1970-åri, lengje innan PETA og the Animal Liberation Front [Ytterlegangande amerikanske dyrevernorganisasjonar], braut ei aldrande og fillut Savitri Devi lovi ilag med hennar indiske tenar for å frigjera kattar og hundar som skulde nyttast til medisinske eksperiment ved All India Institute for Medical Sciences [Det Allindiske Instituttet for Medisinske Vitskapar] i New Delhi. Savitri si andre bok om dyr er Long-Whiskers and the Two-Legged Goddess, or the true story of a “most objectionable Nazi” and half-a-dozen cats [Lange-Verhår og den tvobeinte gudinna, elder den sanne soga um “ein serdeles motbjodande nazist” og eit halvt dusin kattar] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1965). Ein til dels uppdikta sjølvbiografi som fokuserar på hennar forhold til favorittkattane sine, er dette Savitri si best skrivne og mest eksentriske bok.

Savitri sine andre skriveri inkluderar; Souvenirs et réflexions d’une Aryenne (Memories and Reflections of an Aryan Woman) [Minner og refleksjonar til ei arisk kvinna] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1976), hennar mest umfattande presentasjon av filosofien sin; og And Time Rolls On: The Savitri Devi Interviews [Og tidi rullar vidare: Savitri Devi-intervjui] (Atlanta: Black Sun Publications, 2005), den redigerte avskrifti av ti timar med intervju som ho gav i New Delhi i 1978, og som virkar som ei framifrå innføring i Savitri sitt liv og hennar tankesett.

Savitri Devi sin hundrade gebursdag vil bli heidra i dag. Det vil dog vera ei stille affæra. Nokre få av hennar attlivande venor vil ringja einannan og mimra. Dei som hev vorte rørde i livet av henne er spreidde yver kloten. Dei kan ikkje samlast for å heva ein skål, so dei lyt heva skålane sine åleina. I Tyskland, vil Regin-Verlag gjeva ut eit spesialnummer av bladet Junges Forum i hennar ære. Dei vil óg gje ut Lotusdammen og Riksrett mot menneskji i tyske umsetjingar. I England, har Historical Review Press gjeve ut ei ny utgåva av Gull i smeltedigelen. I Dei Sameinte Statar, vil Black Sun Publications gjeva ut Og tidi rullar vidare: Savitri Devi-intervjui. På verdsveven, smigrar eg meg sjølv ved å tru at folk yver heile kloten les desse ordi. Eg hadde óg vona at nettsida mi, the Savitri Devi Archive, skulde leggjast ut i dag, men den hev vorte forseinka. Når den er uppe og gjeng, kann De kjøpa utgåvor av Og tidi rullar vidare der.

Korleis kan ein heidra Savitri i dag, om ein er slik lagt? I eit brev til ein ung amerikansk kamerat datert 13. april 1975, drøfta Savitri korleis ho vilde feira Adolf Hitler sin fyrestandande gebursdag:

«Dette er kun ein liten notis for å fortelja korleis eg skal tenkja på deg (og alle våre kameratar og yverordna fjern og nær) på den store gebursdagen ei vika frå no. Den fell på ein sundag i år, so – takk gud slepp eg å reisa til min kjedelege arbeidsplass men skal derimot få høve til å vera heilt åleina og berre … tenkja. Eg tenkjer at Føraren vår no vilde hava vore – om ei god vika – 86, um han var i live. Og eg undrast på um me, dei fåe disiplane hans der han faktisk hev fyrsteplass, er like talrike og uppglødde som dei tidlege kristne var i år 86 evt., med andre ord, under keisar Domitian. Det hadde vore ei dramatisk forfylgjing av kristne i år 64 evt. (under Nero), men ingen sidan. Likevel vilde ein brjota ut i skratt um ein feng høyra at ”ein dag” skulde den vanvyrde og til tider forfylgde sekti diktera dogmi til heile Vesten og til og med tvinga dei inn i uuppdaga kontinent og øyor. Kven kunde ha fyrestilt seg personlegdomen og makti til Filip II av Spanien i dei fjerne dagane? Og kven kan segja no, um det vil eller ei, 1500 år fram i tid, reisa seg ein like mektig arisk rasemedviten, ein tilbedar av Føraren vår, vårt motstykkje til den katolske Filip II? På eit sett er det ein god ting at framtidi – sjølv um ho eksisterar allereie, på lik line med fortidi – er totalt uspåeleg for den avgrensa hugen.»

Det er ein god ting at me ikkje kann sjå inn i framtidi sidan det gjev oss høve til å vona. So heidr Savitri Devi sin hundrade gebursdag med å tenkja, og vona.

Savitri Devi sin hundrade gebursdag vil ikkje verta feira slik som dei tvo andre filosofane som óg blei fødde i 1905: Jean-Paul Sartre og Ayn Rand. Det vil ikkje bli noko internasjonalt akademisk symposium, ingen avisartiklar, ingen minnetrøyor og kaffikoppar. Dette er likevel som me kann venta. Trass alt, både Sartre og Rand – den eine kommunist, den andre ein liberal individualist – er sameinte i sin motstand mot rasemedviten nasjonalisme, unnateke jødisk yverherredøme. (Rand var fødd jødisk, og Sartre skulde ynskja han var blitt det.) Kort sagt, både Sartre og Rand var i sers høg grad ”i tidi”. Deira filosofiar vert feira nettupp fordi dei ikkje utfordrar forfallskreftone, men faktisk vernar og fremjar deim.

I kontrast, var Savitri Devi, kvinna mot tidi. Ho vil ikkje finna heider i denne myrke alderen, men i den gylne alderen som skal koma.

Revidert og retta tridje desember 2012.

 

If you enjoyed this piece, and wish to encourage more like it, give a tip through Paypal. You can earmark your tip directly to the author or translator, or you can put it in a general fund. (Be sure to specify which in the "Add special instructions to seller" box at Paypal.)
This entry was posted in North American New Right and tagged , , , , , , , , , , , , , , , . Both comments and trackbacks are currently closed.
  • Video of the Day:

  • Kindle Subscription
  • Our Titles

    The Eldritch Evola

    Western Civilization Bites Back

    New Right vs. Old Right

    Lost Violent Souls

    Journey Late at Night: Poems and Translations

    The Non-Hindu Indians & Indian Unity

    Baader Meinhof ceramic pistol, Charles Kraaft 2013

    The Lightning and the Sun

    Jonathan Bowden as Dirty Harry

    The Lost Philosopher, Second Expanded Edition

    Trevor Lynch's A White Nationalist Guide to the Movies

    And Time Rolls On

    The Homo & the Negro

    Artists of the Right

    North American New Right, Vol. 1

    Forever and Ever

    Some Thoughts on Hitler

    Tikkun Olam and Other Poems

    Under the Nihil

    Summoning the Gods

    Hold Back This Day

    The Columbine Pilgrim

    Confessions of a Reluctant Hater

    Taking Our Own Side

    Toward the White Republic

    Distributed Titles

    Carl Schmitt Today

    A Sky Without Eagles

    The Way of Men

    Generation Identity

    Nietzsche's Coming God

    The Conservative

    The New Austerities

    Convergence of Catastrophes

    Demon

    Proofs of a Conspiracy

    Fascism viewed from the Right

    The Wagnerian Drama

    Fascism viewed from the Right

    Notes on the Third Reich

    Morning Crafts

    New Culture, New Right

    An eagle with a shield soaring upwards

    A Life in the Political Wilderness

    The Fourth Political Theory

    The Passing of the Great Race

    The Passing of a Profit & Other Forgotten Stories

    Fighting for the Essence

    The Arctic Home in the Vedas

    The Prison Notes

    It Cannot Be Stormed

    Revolution from Above

    The Proclamation of London

    Beyond Human Rights

    The WASP Question

    Can Life Prevail?

    The Jewish Strategy

    The Metaphysics of War

    A Handbook of Traditional Living

    The French Revolution in San Domingo

    The Revolt Against Civilization

    Why We Fight

    The Problem of Democracy

    The Path of Cinnabar

    Archeofuturism

    Tyr

    Siege

    On Being a Pagan

    The Lost Philosopher

    The Dispossessed Majority

    Might is Right

    Impeachment of Man

    Gold in the Furnace

    Defiance